onsdag 4. februar 2009

ingen ledig kapasitet

Eg har vore i veggen 
og det har ikkje du

korleis skal du kunne
forstå meg du
som ikkje har vore der?

du som trur at eg 
sit på stolen framfor deg
og høyrer kva du seier

medan eg strekkjer fram
ei hand gjennom eit hol i veggen
som vert mindre og mindre

så lite at eg nesten ikkje kan 
sjå deg
og du ikkje ser handa
der du sit åtte lysår borte 
og snakker om 
kognetiv tenking
du trur at eg sit på stolen
men det er ei synsforstyrring 

eg er død

korleis skal du kunne forstå?

utdrag/ dikt av gunhild hofstad

1 kommentar:

CH sa...

Dette er virkelig trasige greier!